HVA (pizza, frisør)     HVOR (adresse, område)    
 

Habanero's profil

-

9 anmeldelser
0 Vibb-venner


Stemmer fra andre brukere:
50 Nyttig 37 Morsom 

Bruker siden:
Juni 2010

Habanero's favoritter
Ingen lagt inn enda
 
Habanero's anmeldelser:
Kategori:   Sortering:

2Hartmanns Brygge(3)

25.04.2011
Kva skal eg seie? Dette var ein litt traust oppleving.
Eg leste nyheiten om Hartmanns Brygge etter artikkelen i Fvn, og tenkte dette virka spanande. Lokale råvarer og ansatte med solid bakgrunn, ja det virka ganske bra.

Me eitt par som var på besøk her i påsken, la me på tur i det fine været. Selve restauranten ser jo kjempebra ut, det må seiast. Restaurantsjefen kom til bordet vårt med menyen, som er mildt sagt veldig enkel. Det er dagens fisk, dagens kjøtt, dagens vegetar, og forskjellige salater og sandwhicher. Det tok ca. 30 minutter å få bestilt mat, sjølv om det var veldig lite folk på restauranten (!). Restaurantsjefen tok avgårde i bilen for å hente varer, og betjeningen virka håplause. Dei nikka til oss, men betjente dei få andre som satt ute og gjekk å gøymde seg inne. Så kom kjøkkensjefen tilbake og sende den islandske hovmesteren til bordet vårt. Me spurde om alt gjekk greit, og han svarte at det var bare litt kaos på kjøkkenet. Kaos? Det var ca 30% av max kunder der! Greit, me bestiller. Sandwhicher med kylling og reker. Etter litt tid så seier dei at dei ikkje har kylling, men dei lager steak sandwhich. Maten kom med godt brød, aioli og en god salat, så ingenting vondt å seie om maten, men heller ikkje noko hurra.

Utifra kva eg har lest og høyrt, så trudde eg det ville vere noko meir med denne plassen. Men hallo, me kunne sikkert gått på Subway og hatt ein betre oppleving. Så tommelen ned til Hartmanns.
Spesielt bra: Plassen ser bra ut..
Spesielt dårlig: Service og stemning.

Var denne anmeldelsen...? (4) (1)

1Frk Larsen(15)

05.01.2011
Sist eg gav satt meg ner og skreiv litt om frk larsen fekk eg ein mail av ei servitør som arbeidar der som oppfordra meg til å ta ein ny visitt. Ti poeng i mi bok for at ho tok seg tid til å gjera det!

Så for nokre dagar sidan hadde eg besøk frå nokre venner frå Oslo, og tenkte at det kunne vere eit bra høve til å gje frk larsen ein ny sjanse.

Nokre nye ting har dukka opp på menyen, så eg gjekk for ein kyllingburger, fyllt med sopp og mozarella. Dei andre bestilte burgere og sandwicher. Servitøren virka litt brydd, og eg fikk flashbacks frå førre gong. Not this again!

Det virka som plassen er underbemanna. Ein kar til å servere og ta betalt, og ein til å lage mat, så eg forstår kvifor det gjekk tregt, men noko mindre irriterande var det ikkje.

Etter ein god stund og maten ikkje hadde kome, tok eg ein titt opp mot skranken, og der stod alle tallerkane med maten, i minst 5 minutter. Maten var lunka då den kom til bordet. Sandwichen var visstnok ganske grei, burgeren lunka og smaklaus men kyllingburgeren var værst. Kyllingfileten må ha vore fryst, for den var meir tørr enn brødet. Kvitlauksdressingen som kom i skåla ved siten av blei brukt opp ganske fort for å få dei tørre bitane ned halsen, men fann fort ut at det ikkje var vits.

Slakkeste holdning igjen, og lounge-laidback atmosfæren redder dykk ikkje! Siste gong eg brukar penger der!
Spesielt dårlig: service, fryst og smaklaus kjøtt, service og service!

Var denne anmeldelsen...? (7) (5)

5Mother India(8)

18.08.2010
Til å vera den einaste indiske restauranten i Kristiansand, utan noko konkurranse i sin sjanger, er den faktisk temmeleg god.

Hyggeleg og flink betjening, og ein flott og variert meny. Hadde ein eigenkomponert tre-retter, med nybakt naan med fantastisk smak og ein sval og herleg mango-lassi.

Einaste som drar terningkastet litt ned er at lokalet kan vekkja klaustofobi, då det er som eit røyrforma bomberom dekka med tepper og ganesha-figurer. Og det skulle vore litt fleire vegetar-retter på menyen.

Utenom det, så er det ein flott plass kor ein kan få eit realt krydder-kick i gamle kompe-kristiansand
Spesielt bra: Mango-lassi

Var denne anmeldelsen...? (1) (1)

6Resept(4)

11.07.2010
Me trenger fleire vegetar/vegan-restauranter i landet, og spesielt dei som er like resept.

Godt mogleg den beste tofuen eg har smakt i Noreg, fantastisk god konsistens. Og sjølvfølgje all den andre gode maten dei har!

Nei, dropp kjøtt og fisk, gå heller på Resept. Du kommer ikkje til å sakna kjøtet heller
Spesielt bra: kvalitet og stor variasjon, service ++

Var denne anmeldelsen...? (4) (4)

2Frk Larsen(15)

23.06.2010
Skulle gjerne gitt eit betre terningkast til frk. larsen, det ville eg. Fordi maten er grei den, gode burgere og smørbrød, men det synast for meg som om betjeningen alltid kjem frå begravelse før dei går på jobb.

Dei er sure, trege, og lågmælte, noko som gjer heile eteopplevelsen til ein depressiv greie. Du må gjera deg klar for å minna dei på at du har bestilt mat eller drikke, då det forsvinn fort ut or korttidsminne.
Spesielt dårlig: Betjeningen...

Var denne anmeldelsen...? (10) (7)

2Wok Davids Food(5)

21.06.2010
Eit utruleg godt konsept for Kristiansand, men så går den rett i bakken.

Du får velgja kva typer kjøtt du vil ha, kva saus du vil ha og så plukkar du ut dei grønsakane du vil ha, så friterar dei alt til he....

Det er ein klar forskjell mellom wok og fritering, så her er wok kun i namnet på plassen. Dei steiker ikkje maten i litt olje, men badar alt i saman i kokande olje. Maten blir smaklaus og fett (!) åh herre så greasy det er.

Eg anbefalar det kun om du ikkje er særleg kravstor til smak og sunnleik i førehald til asiatisk mat.
Spesielt bra: hyggeleg betjening
Spesielt dårlig: hard-core fritering

Var denne anmeldelsen...? (6) (6)

5Libe Fair Trade(1)

21.06.2010
Min nye favoritt-kafé i Kristiansand.

Dei lagar fantastisk gode kaffedrikker, og godt mogleg den beste cortadoen i byen. Så får du ein sjokolade eller brownie-bit til kaffen, som ein fjong prikk over i'en.

Dei er utruleg hyggelege, og plassen er utelukkande fair-trade som er eit ekstra pluss.

Einaste som trekk ned, er at dei sel mykkje dill-dall (klær, nips)som tek opp nesten all plassen inne. Hadde vore mykje betre om dei hadde satse utelukkande på å vera ein kafé, men kaffen er så god at eg kjem uansett igjen.
Spesielt bra: Nydeleg kaffe og hyggeleg menneskje

Var denne anmeldelsen...? (3) (2)

3Tacokjøkkenet(2)

21.06.2010
Dette er ikkje mexikansk mat, men ein flau norsk tolkning av det.

God service, folk som smiler osv, men maten kan ikkje seiast å vera imponerande. Har vore der 2 gonger, og maten er like krydra som bestefars kokte torsk. Alt for mykkje rømme, og salsaen smakar industrilaga og tam.

Greit alternativ for dei som ikkje vil ha kebab og potet til nattmat, men langt, laaangt ifrå nokon mexikansk opplevelse.

Var denne anmeldelsen...? (7) (5)

1Lille Saigon Cafe(16)

21.06.2010
Skal vera kort og konkret her.

Eg blei anbefalt å eta her av ein ven, men eg skal gjera dykk den tenesten og IKKJE anbefala nokon å eta her.

Dårlig service frå fyrste sekund og det tok over 1 time fra bestilling til forretten var på bordet, og så ein halvtime før den fyrste hovedretten kom.

Forretten var vårruller som smaka som dei var nokre dager gamle, med fiskesaus dip med sprøstekt løk i (?). Den alarmerte meg. Fyrst fekk min spisekamerat sin hovedrett, nudler og tofu som var lunka. Så gjekk det ca ein 20 minutter før min mat kom (phõ, oksenudelsuppe) som ikkje var i nærleiken av phõ eg har spist ellers på vietnamesiske restauranter i Oslo.

Det var med skuffelse og sinne, at eg betalte rekninga. Styr unna.
Spesielt bra: Kald coca-cola
Spesielt dårlig: Alt anna

Var denne anmeldelsen...? (8) (6)
 

Habanero's venner
Ingen lagt inn enda

INTERIØRBUTIKKER I OSLO
   Fem Sanser
En oase av en blomsterbutkk på St. Hanshaugen

   Stilverk - House of Oslo
En kul og litt anneledes designbutikk

   @home
Kule møbler, lamper og accessories du bare finner i denne forretningen på Grünerløkka

   Konzept-HP
Mange flotte tepper, lamper og andre interiørprodukter i Fredrik Stangs gate


Alfabetisk oversikt bedrifter: A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å
Alfabetisk oversikt kategorier: A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å
Alfabetisk oversikt tags/nøkkelord: A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

Informasjon for bedriftseiere | Om Vibb | Spørsmål og Svar | Kontakt Vibb.no | Karriere
Copyright © 2009 Metamedia AS
Personvern | Legg til Vibb som favoritt | Sett Vibb som startside
Tips en venn om Vibb | Områder | Alfabetisk liste